Om Erdal Solutions

Erdal Solutions er ein totalleverandør av nettsider og digitale løysingar i Bergen. Vi heldt fram til nyleg til på Bryggen i Bergen, men har no flytta inn i nye friske lokale på Nyborg i Åsane. Med kundar over heile landet har vi gjennom åra opparbeidd oss eit stort nettverk og rykte som følgje av kvaliteten på arbeidet vi utfører for våre kundar.

Bedrifta blei etablert i 2008 og ledast av Sivert Erdal som har over 15 års erfaring med webutvikling. Erdal er utdanna diplomøkonom frå Handelshøgskulen BI med fordjuping i bedriftsutvikling – og første avdeling rettsvitskap frå Universitetet i Oslo.

Våre kundar

Vi har eit variert utval av kundar. Alt frå privatpersonar til små og mellomstore bedrifter og organisasjonar. I vår portefølgje har vi alt frå sjølvstendige handverkarar og små enkeltmannsføretak – til store oppdrettsanlegg og offshoreselskap.

Nettsider med WordPress

Erdal Solutions leverer nettsider utvikla i publiseringsverktøyet WordPress. I dag er omlag 30% av alle nettsider i verda bygd på denne plattforma. WordPress ligg heile tida i forkant av utviklinga, og kvaliteten og sikkerheita er på toppnivå. Dette er og eit svært fleksibelt program som kan tilpassast i med ulike programtillegg nærast i det uendelege.

Pris og strategi

Erdal Solutions er ikkje eit stort og komplisert nettbyrå. Vi er tilknytt eit nettverk av freelancerar og samarbeidspartnarar som vi koplar inn i våre prosjekt. Dermed kan vi klare oss med svært få tilsette og halde kostnadane minimale. På denne måten kan vi levere god kvalitet til ein låg pris.

Dersom du vurderer ei ny nettside, så leverer vi gjerne uforpliktande tilbod på nettside. Er du usikker på behovet ditt, så kan vi hjelpe deg med strategisk rådgivning. Brukt kontaktskjemaet på nettsida eller send oss ein e-post.

Datasenter i Norge

Erdal Solutions leiger Linux basert serverpark plassert i Oslo sentrum. Her står det fem uavhengige fiberoptiske internett-linjer, kor to gigabit-linjer direkte til NIX1 og NIX2, som er knutepunkta for dei største internett-operatørane i Norge.

NIX (Norwegian Internet Exchange) er seks samtrafikkpunkt for IP-trafikk i Norge. Dei er plassert i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo (2 stk).

Utanlandstrafikken går via tre uavhengige gigabit-linjer til Level3, Cogent og TeliaSonera International Carrier, som er blant verdens største aktørar på global IP-trafikk. Serveren kan vise til oppetid på 99,95%.