AI, API og automatisering

Vi utviklar AI-løysingar, API-integrasjonar og automatiserte arbeidsflytar som koplar saman nettsider, system og data. Målet er å redusere manuelt arbeid, skape betre informasjonsflyt og utvikle løysingar som støttar drifta i praksis.

Målet er ikkje berre å lage noko som ser bra ut, men å utvikle digitale løysingar som fungerer godt i praksis, støttar drifta og bidreg til vidare vekst.

Kva vi kan hjelpe med

AI-løysingar

Vi koplar AI-modellar som ChatGPT til nettsida og systema dine. Dei kan lage tekstutkast, oppsummere, sortere førespurnader og svare på vanlege spørsmål.

Ta kontakt →

API-integrasjonar

Vi koplar nettsida saman med booking, betaling, rekneskap, CRM og andre system. Då flyttar data seg sjølv, og ingen må skrive inn det same to gonger.

Ta kontakt →

Automatisering

Vi set opp arbeidsflytar i verktøy som n8n og Make. Skjema, e-postar, varsel og rapportar går av seg sjølve, og du får beskjed når noko treng eit menneske.

Ta kontakt →

Usikker på kva som let seg automatisere? Fortel oss kva som tek mest tid i dag, så seier vi kva som er realistisk. Ta kontakt.

Døme på kva vi lagar

Booking mot eksternt system

For Nordica Resort laga vi ei bookingløysing på nettsida som sender datoane gjesten vel, rett vidare til den eksterne bookingpartnaren.

Timebestilling på nettsida

For Klinikk Førde tilpassa vi timebestillinga frå PasientSky til nettsida, slik at ho fungerer godt på både mobil og PC.

Skjema rett inn i systemet

Førespurnader frå kontaktskjemaet hamnar rett i CRM, rekneskap eller rekneark, med varsel til rett person.

Svar på vanlege spørsmål

Ein AI-assistent som svarar ut frå ditt eige innhald, og sender kunden vidare til deg når han ikkje veit svaret.

Rapportar som lagar seg sjølve

Tal frå nettbutikk, booking eller Analytics samla i ei fast oppsummering på e-post kvar veke.

Tilbod og stadfestingar

Utkast til tilbod, ordrestadfestingar og e-postar blir fylte ut automatisk frå opplysningane kunden har sendt inn.

Slik jobbar vi

Vi startar med ei kartlegging. Du fortel korleis de jobbar i dag, og kva som tek tid.

Du får eit konkret forslag. Vi seier kva som let seg løyse, og kva vi rår frå.

Du får fast pris. Omfang og pris avtalar vi på førehand.

Vi byggjer og testar. Løysinga blir testa med ekte data før ho blir teken i bruk.

Vi følgjer opp. Vi kan stå for drift og justeringar etterpå, om du ønskjer det.

Ofte stilte spørsmål

Det kjem an på omfanget. Vi kartlegg behovet først, og du får ein fast pris før vi startar.

Som regel ikkje. Vi koplar saman det de alt brukar, så lenge systema har eit API eller ein annan måte å hente og sende data på.

Då ser vi på alternativ, til dømes eksport og import av filer, e-post eller webhooks. Nokre gonger let det seg ikkje løyse på ein god måte, og då seier vi det.

Vi avtalar på førehand kva data som kan sendast til AI-tenester, og kva som skal haldast utanfor. Personopplysningar og sensitive data blir ikkje sende til AI utan at det er avklart med deg.

Ja, det hender. Difor legg vi inn kontrollpunkt der eit menneske godkjenner før noko viktig blir sendt eller lagra.

Vi kan overvake og vedlikehalde løysinga for deg, eller overlevere ho med dokumentasjon slik at de driftar ho sjølve.

AI-søk

Blir du nemnd når nokon spør ChatGPT?

Stadig fleire skriv heile spørsmålet sitt inn hos ein AI i staden for å bla gjennom ti lenkjer. Då hjelper det lite å liggje på fjerdeplass i Google om svaret berre nemner to. Vi måler med ekte spørsmål frå di bransje, og gjer noko med det.