Om Krokane Camping

Krokane Camping, ein av Norges vestligaste campingplassar, ligg lunt til ved fjorden, 2 km frå Florø i Sogn og Fjordane. Her får du billig overnatting i Florø i eit naturskjønt område ved sjøen. Vi har lagt tilrette for fisking, dykking og bading. Overnatting i hytter, telt eller bubil på Krokane gir eit godt utgangspunkt for turar langs kysten eller inn i landet.

Vi har 19 vinterisolerte kvalitetshytter av ulike storleikar, dei fleste med dusj/wc, kan leigast heile året. Dette er eit billeg alternativ til overnatting på hotell.

Krokane Camping ligg lengst vest i Norge ved Solheimsfjorden, ca 2 km få Florø sentrum, ca 4 km frå flyplassen og 3 km frå hurtigrute- og hurtigbåtkai.

På Krokane Camping driver vi Pratakafeen, der selger vi diverse kioskvarer av både søtt og salt.

Pratakafeen

På Krokane Camping driver vi Pratakafeen, der selger vi diverse kioskvarer av både søtt og salt.
Vi har servering av både varme og kalde retter som hamburgere, pizza, bagetter og fulle middager, søndagene i sesongen har vi åpen cafe med søndagsmiddag, da bruker vi mest mulig lokale råvarer og lager alt ifra bunnen, vi bruker også våre egne produkter ifra røykeriet vårt her på Krokane Camping.

Siden Krokane Camping har en av Florøs mest populære badeplasser så er det en ypperlig plass å komme opp til oss og nyte en bedre lunsj og ett glass vin på uteserveringen vår.

Hver torsdag hele året følger vi vestlandstradisjonen med å servere raspeball.

På kafeen kan vi tilby frokostbuffet til campingens gjester, samt middager, både som take away og servering på kafeen. Vi leverer mat til hytter og vogner om det er ønskelig.

I isdisken vår kan du velge mellom kuleis og småis, milkshake og iskaffe. Slushmaskina er også på heile sesongen. Kjøledisken vår blir fyllt opp daglig med våre egne produkter ifra røykeriet, som røkt laks og ørret, bacon og ost, og om sesongen tillater det så har vi også villaks.

Fasilitetar

19 hytter av høg standard, 16 som har PlusCamp standard. 3 hytter er handicap tilgjengeleg. Alle hytter har TV og er vinterisolert. Sanitæranlegg har dusj, wc og vaskerom. Handicaptoalett. Kan forhandsbestille hytter og båtar, men ikkje plassar for telt eller caravan. Skifterom for dykkarar med høve til reingjering, tørking og oppbevaring av dykkerutstyr. Det er lagt tilrette for sløying, røyking og frysing av fisk.

Her er familiebadestrand, og fine svaberg for bading for dei litt eldre. Båtutleige, snorkling og dykkeaktiviteter.

Campingplassen har kiosk og det er berre 2 km til kafe og restaurant.

Tilbod i området

Florø sentrum er koseleg med eit maritimt preg. Her er godt utval i all serivce- og handelsnæring. Om sommaren er det mange turisttilbod som t.d. havfiske og turar til øyane. Her er og eit kystmuseum, og det er diverse turløyper rundt om i området. 1 km til Havhesten badeland.

Florø er lett tilgjengeleg med fly, båt, buss og bil: Frå Oslo eller Trondheim ca.8 timar med bil, frå Bergen eller Ålesund ca. 4 timar. Ekspressbåtar frå Sognefjorden, Bergen og Selje. Flysamband frå Oslo og Bergen. Ekspressbuss-samband frå Oslo, Bergen,Trondheim og Ålesund. Hurtigruta stoppar i Florø på nord- og sørgåande rute. Resepsjonen er open heile året. Sesongopen resepsjon på campingplassen 01.06-31.08.

2021 © Krokane Camping - Levert av Erdal Solutions