Logo og grafisk design

Ny logo og grafisk design

Erdal Solutions utvikler logoer, fargepaletter, typografi, bildestil og grafiske elementer som fungerer på tvers av alle flater – digitalt og analogt. Vi leverer også tydelige retningslinjer som sikrer at identiteten brukes riktig og konsekvent, uansett kanal.

Kva vi kan hjelpe med

Ny logo

Vi designar ein logo som passar bedrifta og bransjen, og som er lett å kjenne att. Du får fleire utkast å velje mellom før vi reinteiknar det endelege.

Oppfrisking av logoen du har

Har du ein logo som byrjar å sjå gammal ut? Vi justerer form, fargar og skrift, og tek vare på det kundane dine kjenner att.

Vektorisering

Har du berre logoen som eit lite eller uklart bilete? Vi teiknar han opp att frå punktgrafikk til vektor, slik at han blir skarp i alle storleikar.

Grafisk profil

Fargepalett, typografi og reglar for bruk, samla i ein enkel profilmanual. Då ser bedrifta lik ut på nettsida, i trykk og i sosiale medium.

Trykksaker og skilt

Visittkort, brosjyrar, plakatar, annonsar, roll-ups, skilt og bildekor. Vi leverer trykkeklare filer som trykkeriet kan bruke direkte.

Digitalt materiell

Profilbilete og malar til sosiale medium, bannerar, annonsar, e-postsignatur og favicon til nettsida.

Usikker på kva du treng? Fortel oss kva logoen skal brukast til, så foreslår vi ei løysing. Ta kontakt.

Dette får du levert

Alle filformat

Vektorfiler (AI, EPS, SVG og PDF) til trykk, skilt og profilering, og PNG og JPG til nettside, e-post og sosiale medium.

Fleire versjonar

Logoen i fargar, i svart og i kvit til mørk bakgrunn, og som ikon eller symbol der plassen er liten.

Fargekodar og skrifter

Fargane oppgjevne i CMYK, RGB og HEX, og namnet på skriftene som er brukte, slik at andre leverandørar kan treffe rett.

Eksempel: vår eigen logo

Slik ser ei levering ut i praksis. Her er vår eigen logo, som består av to fargar: blå i figuren og mørk blå i teksten. Du får logoen i fleire versjonar, saman med fargekodane.

Logoen i ulike versjonar

Erdal Solutions logo
I fargar – på kvit bakgrunn
Erdal Solutions logo
I fargar – på lys bakgrunn
Erdal Solutions logo
Einsfarga kvit – på mørk bakgrunn og foto

Fargepaletten

Logo-blå
HEX #2CA6DE
RGB 44, 166, 222
Figuren i logoen.
Mørk blå
HEX #293350
RGB 41, 51, 80
Teksten i logoen.
Lys blå
HEX #F1F7FB
RGB 241, 247, 251
Rolege bakgrunnsflater.
Kvit
HEX #FFFFFF
RGB 255, 255, 255
Hovudbakgrunn og negativ logo.
SkriftNexa Book i «Erdal Solutions».
FargarTo fargar: logo-blå i figuren og mørk blå i teksten.
FilformatAI, EPS, SVG og PDF til trykk. PNG og JPG til skjerm.

Frå punktgrafikk til vektor

Vi vektoriserer logoar. Har du berre logoen som eit lite eller uklart bilete, teiknar vi han opp att som vektor. Her er vår eigen logo i begge variantar, forstørra på same stad.

Punktgrafikk

Logo som punktgrafikk – pikslane blir synlege når du zoomar inn
Bilete (raster)
Består av pikslar. Når du zoomar inn, blir biletet uskarpt og hakkete.
Avgrensa kvalitetBlir uskarp ved forstørring.
Lite fleksibelEignar seg dårleg til trykk i stor storleik.
Vanlege formatJPG, PNG og GIF.

Vektorgrafikk

Logo som vektor – skarp kant uansett forstørring
Vektor
Består av matematiske kurver. Kan forstørrast uendeleg utan tap av kvalitet.
Uendeleg skalerbarLike skarp uansett storleik.
RedigerbarEnkelt å tilpasse former, fargar og tekst.
Profesjonelle formatSVG, AI, EPS og PDF.
Vi vektoriserer logoar
Har du ein logo i låg oppløysing? Vi vektoriserer han og leverer ei skarp vektorfil som kan brukast på nett, i trykk og på skilt.

Send oss logoen

Grafiske verktøy vi bruker

Vi arbeider i Adobe-pakka, det same verktøyet som trykkeri og byrå bruker. Då passar filene rett inn hos dei du samarbeider med.

Illustrator

Logoar, ikon, vektorisering og trykksaker.

Photoshop

Biletredigering, retusjering, frilegging og montasjar.

Premiere Pro

Klipping og redigering av video til nettside og sosiale medium.

After Effects

Animert logo, tekstplakatar og rørsle i video..

FAQ

Ofte stilte spørsmål

Finn du ikkje svaret du leitar etter? Ring eller send oss ei melding, så hjelper vi deg vidare.

Prisen kjem an på omfanget. Fortel oss kva du treng, så får du ein fast pris før vi startar. Skal du berre ha ein standard logo, så kjem du langt med 5000 kr.

Ja. Vi vektoriserer logoen, det vil seie at vi teiknar han opp att slik at han kan forstørrast utan å bli uklar.

Ja. Ofte held det å stramme opp form, fargar og skrift. Då ser logoen moderne ut, og kundane kjenner han framleis att.

Du får vektorfiler (AI, EPS, SVG og PDF) og biletfiler (PNG og JPG), i farge, svart og kvit.

Ja. Vi set opp trykkeklare filer etter måla og krava trykkeriet oppgjev.

Ja. Vi lagar grafisk profil, trykksaker, annonsar og materiell til sosiale medium, og vi redigerer bilete og video.

Treng du ny logo, eller hjelp med den du har?

Fortel oss kva du treng, så tek vi ein prat.