Sidan 2008

Nettsider og webdesign

Kundane dine forventar å finne deg på nettet – og førsteinntrykket tel. Ei profesjonell nettside skaper tillit, viser kva du kan tilby og gjer det enkelt å ta kontakt. Erdal Solutions lagar nettsider som gir bedrifta di eit solid uttrykk, med eit tydeleg mål: fleire førespurnader og auka omsetning.

Synlegheit på nett

Kor mange kundar går du glipp av?

Når folk treng ei teneste, startar dei ofte med eit søk på Google. Finn dei ikkje bedrifta di, er vegen kort til ein konkurrent som er synleg.

Ta kontakt for eit gratis førsteutkast til nettsida di.

Tapt omsetning

Når folk treng ei teneste, startar dei ofte med eit søk på Google. Finn dei ikkje bedrifta di, er vegen kort til ein konkurrent som er synleg.

Bli søkbar og synleg

Ei profesjonell nettside som er lett å finne, gjer det enklare for nye kundar å oppdage bedrifta di, bli kjent med tenestene dine og ta kontakt.

Frå besøkande til kundar

Erdal Solutions hjelper deg med å bli synleg på nett – og gjere besøkande til kundar.

Ofte stilte spørsmål

Du får fast pris før vi startar. Prisen kjem an på omfanget, så be om pris, så får du eit konkret tal.

Ja. Vi lagar eit gratis førsteutkast, slik at du ser korleis nettsida kan sjå ut før du bestemmer deg.

Ja. Vi gjer redesign av eksisterande nettsider.

Ja. Vi designar logo som står i stil med bedrifta, og leverer grafisk design.

Vi held til i Bergen og Førde, og har kundar i heile landet.

Ja. Mange kjem til oss med ei side som er påbegynt, men som har stoppa opp. Send oss lenkja, så går vi gjennom ho utan kostnad og fortel kva som står att. Det du allereie har laga, kan ofte brukast vidare, og då blir jobben både kortare og rimelegare enn å starte frå botnen.

Rekn med to til fire veker. Sjølve bygginga går som regel fort. Det er innhaldet, altså tekst og bilete, som avgjer tempoet, og det hjelper vi deg med.

Litt om bedrifta, bilete du har, logo om han finst, og det praktiske: prisar, adresse og opningstider. Teksten treng ikkje vere ferdig skriven. Stikkord, ei gammal brosjyre eller ein telefonsamtale er nok til at vi kan skrive han for deg. Det vi ikkje kan finne på sjølve, er kva som gjer bedrifta di til eit godt val. Det må kome frå deg.

Ja, som ei eiga teneste ved sida av nettsida. Nytt innhald med jamne mellomrom gjer det lettare å bli funnen i søk over tid. Vi avtalar eit fast opplegg når nettsida er publisert.

WordPress er det mest brukte publiseringssystemet i verda, og nettsida er di eiga. Du kan byte leverandør når du vil, og sida kan byggjast ut seinare, til dømes med booking, nettbutikk eller fleire språk. WordPress krev oppdateringar og backup. Det set vi opp, og vi tek gjerne drifta om du vil sleppe å tenkje på det.

Ja. Nettsida er di, og du får opplæring i å byte tekst og bilete. Har du ikkje tid eller lyst, gjer vi endringane for deg. Du vel sjølv, og du er ikkje bunden til oss.

Drift og hosting

Trygg drift på norske serverar

Nettsidene vi lagar ligg på robuste Linux-serverar i Oslo sentrum, med eigne fiberlinjer direkte til NIX1 og tre uavhengige gigabit-linjer ut i verda.

  • Norsk Linuxserver
  • Apache
  • MySQL
  • PHP 8
  • WordPress 7

ServerstatusAlt fungerer

99,95 %

Oppetid

  • DatasenterOslo sentrum
  • SamtrafikkNIX1
  • Linjer til utlandet3 × gigabit
  • PlattformLinux · Apache · PHP 8

Vektorgrafikk | SVG

Weboptimaliserte ikon

  • Optimalisert for innlastingshastighet
  • Sylskarpe på alle skjermar
  • Låg filstorleik for raske nettsider
  • Kan tilpassast etter din visuelle profil
  • Stort utval – tusenvis av ikon til ulike bransjar