Personvernerklæring

Sist oppdatert: oktober 2026

Denne erklæringa forklarer korleis Erdal Solutions samlar inn og brukar personopplysningar når du vitjar erdalsolutions.no eller tek kontakt med oss.

Behandlingsansvarleg

Erdal Solutions, org.nr. 992 196 149 MVA
Erdal, 6815 Førde
E-post: post@erdalsolutions.no
Telefon: 975 222 87

Kva opplysningar vi behandlar

Kontaktskjema, e-post og telefon

Når du sender oss ein førespurnad, behandlar vi opplysningane du sjølv gir: namn, e-postadresse, telefonnummer, bedrift og innhaldet i meldinga. Opplysningane blir sende til oss på e-post og blir berre brukte til å svare deg og følgje opp førespurnaden.

Behandlingsgrunnlaget er vår rettkomne interesse i å svare på førespurnader (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f), og eventuelt tiltak før ein avtale blir inngått (bokstav b).

Kundeforhold

Blir du kunde, behandlar vi kontakt- og fakturaopplysningar for å levere tenestene og oppfylle avtalen (artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Rekneskapsmateriale blir lagra så lenge bokføringslova krev det (bokstav c).

Tekniske opplysningar

Når du vitjar nettsida, blir IP-adresse, nettlesartype og tidspunkt registrerte i loggane til webserveren. Dette er nødvendig for drift og tryggleik.

Informasjonskapslar og tredjepartar

Vi brukar ikkje analyse- eller marknadsføringsverktøy på nettsida, og vi set ikkje informasjonskapslar for sporing.

Nettsida hentar skrifttypar frå Google Fonts. Då blir IP-adressa di overført til Google, som kan behandle opplysningar utanfor EU/EØS. Lenkjer til eksterne tenester, til dømes Google Maps, følgjer personvernreglane til den aktuelle tenesta.

Kven vi deler opplysningar med

Vi sel ikkje personopplysningar. Opplysningar blir berre delte med leverandørar som driftar nettside og e-post for oss (databehandlarar), og med offentlege styresmakter når lova krev det.

Kor lenge vi lagrar opplysningane

Førespurnader blir lagra så lenge det er nødvendig for å følgje dei opp, og blir sletta når det ikkje lenger er behov for dei. Opplysningar knytte til kundeforhold og fakturering blir lagra så lenge avtalen gjeld og så lenge bokføringslova krev det.

Rettane dine

Du har rett til innsyn i, retting og sletting av personopplysningane dine. Du kan òg krevje avgrensa behandling, protestere mot behandlinga og be om å få opplysningane utleverte (dataportabilitet). Ta kontakt på post@erdalsolutions.no, så svarar vi seinast innan 30 dagar.

Meiner du at vi behandlar personopplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.

Endringar

Vi oppdaterer erklæringa når det skjer endringar i korleis vi behandlar personopplysningar. Gjeldande versjon ligg alltid på denne sida.