Acne – Acnearr

Årsak og behandling

Årsak

Mange unge opplever problem med urein hud og kviser på eit eller anna tidspunkt. Aknehud er ofte eit resultat av hormonendringar som igjen fører til blokkering og oppsvulming av talgkjertlar nær hårsekkane i huda.
Det er viktig å behandle talgproblema før dei utvikler seg til betente kviser som igjen kan føre til arr.
Behandlinga går ut på å forebygge og redusere utviklinga av komedonar, og kalla hudormar, ved hjelp av kremar som exfolierer/flasser av døde hudceller og opnar utførselsgangen slik at opphopinga av talg vert redusert.

Det finnast i dag fleire reseptbelagte produkt med denne eigenskapen som fastlegar og hudlegar ofte nyttar.

Når folk kjem til vår klinikk er det ofte fordi dei ikkje har oppnådd tilfredstillande effekt av tidlegare behandling.

Behandling

Vi starter ofte med mekanisk rensing med fjerning av komedonar før oppstart med ZO acneprogram som kan innbefatte reseptbelagte produkt som tretinoinkrem, benzoylperoxid og salisylsyre. Seinare i forløpet kan det bli aktuelt med kjemiske peel undervegs i den medikamentelle behandlinga. I tillegg Nyttar vi mekanisk rensing og diverse lysbehandlinger. Vi nyttar antibiotika unntaksvis når det foreligg inflamatorisk akne.

Betent komedogen akne behandlar vi konservativt med mekanisk rensing, lys og diverse reseptbelagte kremar. Pasientar med komedogen akne vil berre ha ein forbigåande effekt av antibiotika, om årsaken til problemet (dvs hudormane) fortsatt er der sjølv om betennelsa er gått tilbake.
Det viktige er derfor å fjerne og bekjempe utviklinga av hudormar for å unngå betennelse.
Tette talgkjertlar utviklar seg ofte før eller seinare til betente kviser og ved om lag 80% av inflamatorisk akne (store, raude byllar) er Propyone-bakterien sentral i sjukdomsutviklinga.
Slik betennelse kan i verste fall føre til varige arr.