Solskadd hud

Cuporose

Cuporose er eit fellesomgrep som nyttast som nemning for små sprengte blodkar, raude flekkar, prikkar (cherry spots) og generell raudnad  i kinna (også kalla eplekinn). Oftast er ansiktet affisert, men hals, bryst og andre områder kan og ha det. Mange kaller dette solskadd hud og inkluderer ofte også pigmentendringar.
Tilstanden behandler vi med Quantum IPL (Intence Pulsed Light 560 nm) frå Lumenis eller diodelaser ( 810 nm), gjerne i kombinasjon.

Før og etter behandling

  • Kartegningar/telangiektasier kan fjernast med diodelaser eller IPL og oftast er det nok med 1-2 behandlinger. Enkeltståande flekker fjernes enkelt med diodelaser.
  • Generell rødhet er vanskelegare å behandle. Større område med synlege kar kan føre til misfarging etter behandling (til større blodkar, til meir misfarging). Er blodkara lokalisert like under auget/kinnbeinet, kan det føre til hovne augelok nokre dager, i verste fall opp til ei veke.
  • “Eplekinn” vil oftast trenge fleire behandlingar på svakare program med lågare energi for ikkje å skade hud. Sjå nedanfor om ”store område”.
OBS

Det tilbys IPL behandling med billige IPL apparat som knapt gir effekt.
Sjekk at der er medisinsk ansvarleg lege på klinikken før du velger behandlingsstad; det sikrar kvaliteten på utstyr og behandlinga.

Hugs: Kvalitetsforskjellen på IPL maskiner er stor. Sjølv om prisen på behandlinga kan vere tilnærma lik.

Behandling med IPL

Behandlinga medfører litt smerter avhengig av mengden av blodkar.
Dei fleste vil få ei betydeleg varmekjensle like etter behandlinga. Denne avtar innan eit døgn. Like etter behandlinga vert og alt enda raudare.
Raudnaden avtar gradvis i løpet av  kvelden/dagen etter, til slik den var før behandlinga. Etter 2-3 behandlingar minkar intensiteten i raudfargen for kvar gong.

På store område med mykje blodkar el. raudnad kan ein ikkje bruke same høge energien fordi det vil medføre for stor varmeutvikling og risiko for brannskade. Effekten må difor komme gradvis etter fleire behandlingar med lågare energi. Dermed blir det dyrare for pasienten å få behandle diffus cuporose enn enkeltståande flekkar.
Behandlingsprinsippet er det same. Varmeenergien frå IPL- lyset koagulerer blod og øydelegg nokre av dei blodkara som ligg ytterst i huda. Kroppens eige immunforsvar bryt ned og fjernar avfallsprodukta. Raudnaden vert redusert eller forsvinn. Kor fort dette skjer kan variere frå individ til individ. Det er ikkje noko til hinder for å nytte sminke etter behandling.

Viktig

Du må unngå soling, solarium og solbruningskrem på område som skal behandlast 3-4 veker før behandling. Etter behandling og ved opphald i sol må du bruke høg faktor (min 20), eller dekk til dei behandla områda. Først etter 4 veker kan du eksponere deg som normalt, men husk at overdreven soling fører til hudskader og tidlig hudaldring!