Det er kun hår i vekstfase som let seg behandle. Andelen hår som er i vekstfase til ei kvar tid varierer mellom ulike kroppsregionar. Behandlinga må difor gjentakast eit visst antal gonger i løpet av eit år, inntil så mange som mogeleg av hårrøtene er øydelagde.
Tal behandlingar varierer etter hårfarge, hudfarge og kroppsregion. Ryggen er ofte eit problemområde.
Vanleg i løpet av eit år er 4 – 6 behandlingar med 6 – 12 vekers intervall.

Før behandling

Ein bør ikkje vere nybehandla med voks, elektrolyse, epilator eller napping. Ein skal ikkje ha vore eksponert for sol eller solarium eller nytta sjølbruningskrem, i minimum 3 veker før behandling. Barbering stimulerer hår til vekstfase. Derfor må ein gjerne barbere seg ofte dei siste vekene før behandlinga.

Kvifor er behandlinga relativt kostbar?

Medisinske laser-apparat er svært kostbare i motsetnad til billege IPL- apparat, som har vore markedsført som laser utan å vere det. I det lange løp kan laser vere eit bedre og billegare alternativ enn andre behandlingar som ikkje er permanente og stadig må gjentakast.
Ein kan ikkje garantere at det ikkje kjem litt ettervekst etter lengre tid. Alle hårrøtene i eit område treng ikkje vere 100% øydelagde og etter ei tid kan overlevande hårrot-celler byrje å danne defekte og tynne hår. Denne gjenveksten er langsam og spredt. Dei fleste pasientane ser det ikkje som noko stort problem. Nokre vil ha behov etterbehandling ein gong i året eller sjeldnare. Denne vil vere mykje mindre omfattande og balastande enn primærbehandlinga.
Andre faktorar som kan påvirke ettervekst er sjukdom, hormon-påverknad, enkelte typar medikament m.m.

Vi har to diodelaserar med bølgelengde 810 nm

LightSheer frå Lumenis og MedArt 435 frå Asha Medico utfyller kvarandre.
MedArt laserhovuda har ulik utforming, noko som gjer at ein kan komme til og tilpasse behandlinga fleksibelt og arbeidseffektivt på ulike kroppsområde. Lightsheer nyttast mest på relativt tynne hår, som krev høg energi og kort pulstid.

LightSheer
1000 W energi og opp til 400 ms (millisekund) pulsdurasjon.
Brenn bort håret i overflata samtidig som den tar røtene og håra fell av etter få dagar.

MedArt 435
90 W energi og opp til 1000 ms (millisekund) pulsdurasjon.
MedArt har eit kraftigare kjølesystem som ved full effekt beskytter hudoverflata svært godt.  Den brenn ikkje håra i overflata så kraftig som den andre, men er konstruert slik at energien skal ledast til rota i størst mogeleg grad.  Det kan ta over ei veke før håra fell av. Denne laseren er best eigna for mørkare hud og tjukkare hår, grunna den lengre pulsdurasjonen (opptil 1000 ms).

Vi velger lasermodell ut frå hårtjukkelse, kor tett veksten er og hudfarge. Siste behandling(ar) hos ein gitt pasient er oftast med LightSheer ettersom etterveksten er spredt og håra tynne.

Den “ideelle” pasient for laserbehandling mot uønska hårvekst skal ha heilt kvit hud og ha kolsvarte hår. Da kunne vi ha “gassa på” uten frykt for å påføre hudforbrenning. Denne pasienten fins knapt. Vi må individualisere behandlinga. Vi har lang erfaring i dette.

Mørkhuda pasientar treng fleire behandlingar enn lyshuda. Grunnen er at ein må vere forsiktigare med innstillingane for avlevert laserenergi for å unngå brannskade på huda. Dermed vert det i snitt mindre avlevert lysenergi til håra og hårrøttene som skal “brennast ut”.  Med justering av Watt-styrke og pulsdurasjon vert behandlinga tilpassa den einskilde.

For mørkhuda er det allikevel ein vanskeligare oppgave. For det første kan ein ikkje garantere sluttresultatet, og risikoen for pigmentendringar er større.

Note

DIODELASER (KLASSE 4) ER DEN SOM HAR DOKUMENTERT EFFEKT PÅ PERMANENT HÅRREDUKSJON.