Rynkebehandling

Botox

Preparat med botulinumtoxin

Botulinumtoxin vert brukt for å glatte ut rynker. Aktuelle område for behandling  er mellom anna ”sinterynka” mellom augebryna, i panna og små rynker i augevinkelen, tyggemuskelen og behandling av rynker rundt munnen.

Vi har tre ulike preparat med botulinumtoxin. Kva for preparat som egnar seg best for ei gitt behandling vert vurdert individuelt.

Preparatet har synt seg effektivt mot svetting:

  • Armholer
  • Hender
  • Føter
  • Bryst
  • Rygg

Pasientar med migrene eller spenningshovudverk har ofte god effekt av botulinumtoxin

Botulinumtoxin kjem fra bakterien Clostridium botolinum. I svært fortynna form og i små doser vert det injisert med tynn kanyle. Det er liten risiko for biverknader med dei dosane det her er snakk om. Toxinet lammar muskler. Når små rynkemusklar behandlast vert overliggande hud glatta ut.

Behandlinga er effektiv mot djupe furer i panna, sinterynka og rynker rundt augene (“kråketær”).  Dersom middelet vert brukt ukritisk på for mange ansiktsområde kan ein få eit glatt, mimikkfattig og unaturlig uttrykk.
Rett brukt skal det virke over små og tilsikta område. Det hender at nærliggande muskelgrupper vert påvirka utilsikta. Dette er ein kjent sideeffekt. Risikoen for utilsikta effekt heng sjølsagt saman med erfaring og ferdigheiter hos behandlaren. Klinikk Førde har lang erfaring og gode resultater å vise til.

Klinikk Førde nyttar 3 ulike registrerte preparat: Botox, Azzalure og Alluzience.  Dei har kvar sine føremoner og kva som vert brukt vurderast individuelt.

Kompetanse

Klinikk Førde har 16 års erfaring i behandling med botulinumtoxin type A

Kor lang tid muskellamminga varer er avhengig av konsentrasjonen av stoffet. Størst konsentrasjon finst akkurat der middelet er deponert for gradvis å avta til 0 over kort avstand.
Injeksjonen gjerast med engangssprøyte med svært tynn spiss og medfører lite ubehag. Behandlinga tek ca 15 min.

Pasienten kan gjenoppta arbeid straks. Dei fyrste timane etter behandlinga må ein ikkje gni eller massere området. Derimot er det gunstig å bruke muskelen etter nokre timer. Vi tilrår at ein avstår fra trening første døgnet. Verknad kan merkast etter eit par dagar, men det kan ta opptil 2 veker før full effekt.

Før og etter behandling