Hudfornying
Fraksellert CO2-laser
(FRxCO2) MedArt® 620 intens ™
(10600 nanometer)
Behandlings-prinsippet med alle typar hudlaser er å påføre huda ei form for kontrollert, overflatisk brannskade. Dette fjernar død overhud og fører til ei viss oppstramming i huda sine djupare lag.
Den oppstrammande effekten kan ta fleire månadar!
Behandling av rynker på overleppe: FrX Co2 og Co2 laser
Hudfornying: FrX Co2:
Kombinert CO2-laser og diodelaser
Om CO2-laser
Først litt om vanlig, ”gammeldags” CO2-laser.
Tradisjonell CO2– laser sender ut ein relativt tjukk lysstråle som brenn det den treff. Denne behandlingsmåten egner seg godt til å fjerne vorter, hudfibrom, seborrhoisk keratose og godarta føflekker. Etter behandlinga vert det eit overfladisk sår som gror i løpet av ei vekes tid.
”Laser- peeling” eller ”hud-sliping” med Co2-laser går ut på å sveipe over hudoverflata fram og tilbake og har vore brukt på slapp, rynkete hud og arr. Risikoen med denne behandlinga har m.a. vore at den lett tar for djupt og kan gi varige pigmentendringar. Den nyare teknologien med fraxellert CO2 -laser er bedre for dette bruk og har mykje mindre risiko for overbehandling og pigmentendringar.
Før behandling og 3 veker etter behandling med Co2 og diodelaser.
Fraxellert CO2 laser med scanner 459
VIKTIG: Må ikkje forveksles med “Fraxell- laser” som er utan CO2 effekt!
Laser-strålane vert sendt ut som mange ultratynne lysstrålar over eit større felt. Det kan samanliknast med å lyse gjennom ein sil. Fraxellert CO2 -laser er dermed sikrare fordi den ikkje gjev samanhengande skade av heile det behandla hudpartiet og avlevert energi er standardisert. Tilhelinga går raskare og gir svært sjeldan pigmentendringar. Ein skal vere forsiktig med soling i 3 mnd etter behandlinga.
FRxCO2
Behandlingshovudet er 15 x 15 mm (storleiken kan endrast) og sender ut mange adskilte laserstrålar i eit regelmessig mønster med fast avstand mellom strålane. Ein einskild stråle er omlagd 0,5 mm i diameter. Apparatet har 3 innstillingar for talet på strålar.
Behandlinga
Bedøvingskrem min 30 min før behandling kan nyttast, men mindre område kan gå greit utan.
Pasienten kjenner ei stikkande varmekjensle, som varer om lag ein halv time (noko lengre på bryst og hals). Tal behandlingar avheng av kva problem som skal behandlast, hudtype, styrken ein bruker og kor djupe rynkene er.
Djupe rynker på overleppa treng fleire behandlingar og gjerne i kombinasjon med CO2-laser.
Førehandsreglar
Rein CO2-behandling på tynn hud under auger (som vart mykje brukt berre inntil for 15 år sidan) er dårlig eigna pga stor risiko for å gå for djupt med varig depigmentering som resultat.
Med FRxCO2 kan vi variere behandlingsareal og intensitet etter førehandsinnstilte standardar. Heil hud gjenstår mellom dei bestrålte punkta og gjer at tilhelinga går raskare. ”Brennpunkta” er mikrosår som ved tilheling resulterer i ein viss hudoppstramming over tid.
Tilheling
Etter behandling vert huda raud og varm og kan bli lett hoven ein dag eller to. Etter 2-3 dager danner det seg små skorper som fell av etter 5-10 dagar avhengig av intensiteten av behandlinga. Etter sterk behandling kan raudfargen og skorpene sitte opp til 2 veker, men oftast er skorper og den intense raudfargen borte etter 10 dagar. Svakare raudfarge kan for enkelte vere til stades i fleire månadar etter behandling. Uansett skal laserbehandla hud ikkje ha sol på minimum 8 veker etter behandling.
Før behandling, 4 dagar – og 1 mnd etter behandling.
Kan brukast på dei fleste kroppsregionar
- Moderat slapp og rynkete hud på ansikt, under auger og ”kråketær”
- Arr og aknearr
- Store porer
- Melasma og pigment-flekkar
- Rynker, t.d. overleppe
- Strekkmerke
- Oppstramming av hud på hender, hals og bryst