Svettebehandling
Botox, Azzalure eller Alluzience
Behandling med botulinumtoxin mot svette er ein ukomplisert og svært effektiv behandling. Stoffet blokkerer nerveimpulsane til svettekjertlane.
Etter ein sveittetest vert væska injisert i små kvanta med 1-2 cm mellomrom med tynn kanyle direkte i det affiserte hudområdet. Metoden er eit alternativ til kirurgisk behandling.
Dei vanlegaste behandlingsområda er:
- Armholer
- Handflater
- Fotsoler
I armholene er behandlinga lite smertefull. Om ein skal behandle handflater eller fotsoler må ein først gi bedøving og evt ledningsanestesi.
Etter injeksjonen går det 2-3 dagar før stoffet tek til å virke, og opptil eit par veker før ein får full effekt. Effekten held seg vanlegvis i 6-12 månader.